onsdag 29. juni 2011

Små Pitabrød






Allsidige pitabrød
Vel,..... det skulle berre bli vanlige grove, men underveis i bakinga kom eg på at eg kunne lage små foccacia av nokre. Dei fekk heve litt før eg hadde på olivenolje, rosmarin og Maldonsalt. Dei vart fine og fristande, heile 35 stk av pitabrød og foccacia vart det!! Og smaken var perfekt!!
Oppskrifta vart også til undervegs, omtrent slik er den:
UNIVERSALOPPSKRIFT

1 l lunka lettmelk

1 pk gjær

2 ts salt

3 ts sukker

1 ts bakepulver

0,5 dl rapsolje

mjøl til passelig fast deig ( eg hadde i ca 2 dl sammalt grov kveite, resten fint kveitemjøl)

Hev minst 1/2 time før utbaking. Lag små bollar som du bakar ut til ein liten rund leiv, ca 10-12 cm og ganske tynne.
Dei som skal bli foccacia hadde eg på olivenolje, rosmarin og Maldonsalt.
Steik v/250 i ca 9 min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar