torsdag 22. september 2011

Gode rundstykker

RUNDSTYKKER

Dette er mine favorittrundstykker, laga etter favorittoppskrifta mi. Ei universaloppskrift! Den kjem frå bestemor mi Pernille og er opprinnelig ei oppskrift på kringler. Men så vart det ein gong til at eg laga andre former av denne kringledeiga, og oppdaga at den var perfekt. Deigen er også veldig god å bruke når barn skal bake, for den fester seg ikkje til underlaget pga. mykje margarin i deigen.

Så av denne oppskrifta lagar eg:
  • Kringler
  • Pølsebrød
  • Kuvertbrød i ulike fasongar
  • Rundstykker
Oppskrift:
  • 1 l lunka vatn
  • 1pk gjær eller 1 pose tørrgjær
  • 250 g smelta margarin
  • 2 ss sukker
  • 2 ts salt
  • 1 ts hornsalt (obs! brukar det ikkje i kringler)
  • kveitemjøl til deigen er passe
Eg brukar miksar når eg lagar deigen, og deigen skal være litt laus, på kanten til å være klissete.Når den ikkje heng fast på fingeren når du sjekkar den, ja då er den passe! Den endrar litt konsistens når den har heva ei stund. Den må heve minst 30 min, men den blir berre betre om den får heve lenge, berre husk å slå den ned att. Eg brukar ofte å gjere det 2-3 gongar.

Når du skal bake ut trepå hendene så du kan trille lett ut.

1 l væske gir ca 3 fulle brett med rundstykker, dvs ca 45 stk.

La dei heve lenge og steik v/250 gr i ca 10-12 min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar