lørdag 27. august 2011

Rå ripssaft

Eg lagar rå ripssaft enkelte år, det kjem litt an på kor mykje bær eg orkar å plukke! Vert det lite, så blir dei til gele. Men denne gongen vart det 6 l bær som skulle bli saft.

Her er oppskrifta:

6 l bær
6 l vatn
3 poser sitronsyre

Ha alt i ein stor balje med lok til. Knus bæra , bland i sitronsyre og rør godt. Dette skal stå kaldt et til to døgn. rør i det av og til.

Sil alt gjennom eit klede, deretter tilsettes sukker. Bruk 0,8 kg pr l saft. Rør i det lenge til alt sukkeret er oppløyst.
Safta må stå i kjøleskap, men det meste bør frysast. Eg brukar å fylle i 1/2 l brusflasker og fryse dei, då er det passe str å ta opp til bruk.





Solbærsylte

I går laga eg ein liten porsjon med solbærsylte. Eg brukar å ha i ein del vatn , for elles blir sylta veldig stiv og stram.

Her er oppskrifta:
  • 1 kg bær
  • 1/2 l vatn
Kok i 5-10 min til bæra moser seg

Tilsett 0.8-1.0 kg sukker og ein halv pose Certo syltepulver. Kok opp og rør til sukkeret er godt oppløyst.


lørdag 6. august 2011

Rømmevafler

I det siste har eg laga mykje rømmevafler. Eg kallar dei det, sjølv om det er vanlegvis ikkje rømme eg brukar. Ofte har eg ståande fløyte som er gått ut på dato, då let eg den stå litt ekstra lenge. Etter ca 1 mnd får fløyten ein litt syrleg men ikkje bitter smak, då er den perfekt til dette. ein kan sjølvsagt kjøpe seterrømme til vaflene, men hittil har eg ikkje gjort det.

Her er oppskrifta mi:

1 pk syrleg fløyte (eller seterrømme)
Fyll opp pakken 3 gongar med vatn og rist ut restane av fløyten,tøm dette i fløyten/rømmen
100 g smelta margarin
0,5 dl sukker
1 ts salt
2 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver eller natron
kveitemjøl til røra vert passe, den skal vere ganske tjukk.

Om du har restar av kefir, slår du dette også i, ha gjerne i litt vatn og rist ut alle restar.

Denne oppskrifta er utan egg, det merkast ikkje i det heile!! Så den er perfekt for dei som har egg-allergi!!


Dei smakar nydeleg med berre smør og sukker, men og som under her: med brunost og sylte!