lørdag 6. august 2011

Rømmevafler

I det siste har eg laga mykje rømmevafler. Eg kallar dei det, sjølv om det er vanlegvis ikkje rømme eg brukar. Ofte har eg ståande fløyte som er gått ut på dato, då let eg den stå litt ekstra lenge. Etter ca 1 mnd får fløyten ein litt syrleg men ikkje bitter smak, då er den perfekt til dette. ein kan sjølvsagt kjøpe seterrømme til vaflene, men hittil har eg ikkje gjort det.

Her er oppskrifta mi:

1 pk syrleg fløyte (eller seterrømme)
Fyll opp pakken 3 gongar med vatn og rist ut restane av fløyten,tøm dette i fløyten/rømmen
100 g smelta margarin
0,5 dl sukker
1 ts salt
2 ts vaniljesukker
1 ts bakepulver eller natron
kveitemjøl til røra vert passe, den skal vere ganske tjukk.

Om du har restar av kefir, slår du dette også i, ha gjerne i litt vatn og rist ut alle restar.

Denne oppskrifta er utan egg, det merkast ikkje i det heile!! Så den er perfekt for dei som har egg-allergi!!


Dei smakar nydeleg med berre smør og sukker, men og som under her: med brunost og sylte!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar