fredag 1. juli 2011

Hermetiserte plommer














Dette innlegget er frå sommaren 2008 i gamlebloggen min, men snart er det tid for plommer i år også!

Det er høgsesong for plommer no! Og no kan eg virkelig nyte godt av plommetrea som eg planta for nokre år sidan. Tidlegare misunte eg dei som hadde rikelig med søte og fristande blå plommer. I min barndom hadde vi berre Victoria-plommer, dei kjem seinare men er ikkje så gode til "ete-plommer". Så då eg fann ut at eg skulle plante blåplommer, så ville eg plante så mange tre at eg kunne fråtse i herligheten!

Så no har eg 7 tre av sortane Herman, Edda og Opal, og gjett om vi har ete plommer!!! Og mange ramlar ned, men det gjer ingenting, for målet mitt var å ha så rikelig at alle kunne ete det dei vil! Nam , nam!

For å bevare litt av denne herligheten over i mørketida, så har eg hermetisert nokre glas med plommer.

Denne gongen ville eg prøve ein ny metode som ei venninne brukar. Kor godt plommene vil holde seg, gjenstår å sjå.

Her er framgangsmåten :

Kok sukkerlake av 650 gr sukker til 1 liter vatn.

Fyll glasa med nyplukka plommer, stapp godt, men ikkje til dei sprekk. Slå over sukkerlaken til nesten fullt glas, ca 2 cm, frå kanten.

Sett dei i steikeovn som er oppvarma til 150 gr og la dei stå i ca 1,5 t. Lokket skal leggast lett på toppen av glaset når dei står i ovnen, men ikkje skruast på for at lufta skal sleppe opp. Stikk med ein pinne i plommene for å sjekke om dei er møre. Ta glasa ut av ovnen og skru fast til lokka.

Simsalabim, no er ein nydelig dessert klar på glas! Tenk så godt dette smakar til vispa kremfløyte!!!! Mmmmmm........
(beklager litt dårlige bilder av glasa)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar