lørdag 28. april 2018

Den enklaste Oreokaka!!


Nydelig dessertkake som er 24 cm i diameter.

Bruk kakefat der det høyrer til ring, enklest å servere då!!

Oppskrift:

Botn: 1 pk knuste Oreokjeks (ta frå ca 2 ss til pynt) blandast med 50 gr smelta margarin.
          Ha ut over botnen og trykk fast. Den dekkjer ikkje heilt, men er nok til å danne det mørke
          kjekslaget nederst. Men ok om du har 2 pakker kjeks, då dekker det godt!

Fyll 1: 1 liten bx Philadelfia piskas godt med 2,5 dl melis.  Bland i litt av den piska kremfløyte som
            du skal ha på toppen og bre ut over botnen.
Fyll 2: 1 pk Freia sjokolademousse med Dajm piskas med 2 dl melk. La stivne litt før du har det over
            fyll nr 1.
Topp:  1 pk piska kremfløyte (minus det du blanda i fyll nr 1) leggjast på toppen. Pynt med knuste
           kjeks.

La kaka stå kaldt og stivne skikkeleg før du serverer den!

torsdag 26. april 2018

Berits vaniljesnurrer


VANILJESNURRAR


50 g gjær
75 g smelta smør
4 dl lunka melk
1 egg
1/2 dl sukker
ca 12 dl kveitemjøl

Hev deigen i ca 40 min.

Fyll:
100 g margarin blanda med 1 dl sukker
1 dl vaniljekrem

Egg til pensling
Ovn 250 gr, steik i 8 min eller til dei er lysebrune.

Slik gjer du:
Del deigen i to delar og kjevle ut avlange plater. Ha på fyll (smør og sukkerblanding) (Berit smelta smøret litt så det kunne strykast lett ut over  og deretter dryssa ho på sukkeret) og brett deigen dobbelt.
Skjær i 2 cm breide striper og skjær eit hol i midten på kvart stykke. træ ein av endane inn gjennom holet og vri det opp slik at kvart stykke får ei fordjuping. Legg stykka på plate og ha vaniljekrem i fordjupinga.

Hev 30 min.
Pensle med egg og steik midt i ovnen i ca 8 min.
Melisglasur på toppen før servering.

Takkar Berit J for oppskrifta, ho opplyser at den stod i Familien nr 9/12.