torsdag 26. april 2018

Berits vaniljesnurrer


VANILJESNURRAR


50 g gjær
75 g smelta smør
4 dl lunka melk
1 egg
1/2 dl sukker
ca 12 dl kveitemjøl

Hev deigen i ca 40 min.

Fyll:
100 g margarin blanda med 1 dl sukker
1 dl vaniljekrem

Egg til pensling
Ovn 250 gr, steik i 8 min eller til dei er lysebrune.

Slik gjer du:
Del deigen i to delar og kjevle ut avlange plater. Ha på fyll (smør og sukkerblanding) (Berit smelta smøret litt så det kunne strykast lett ut over  og deretter dryssa ho på sukkeret) og brett deigen dobbelt.
Skjær i 2 cm breide striper og skjær eit hol i midten på kvart stykke. træ ein av endane inn gjennom holet og vri det opp slik at kvart stykke får ei fordjuping. Legg stykka på plate og ha vaniljekrem i fordjupinga.

Hev 30 min.
Pensle med egg og steik midt i ovnen i ca 8 min.
Melisglasur på toppen før servering.

Takkar Berit J for oppskrifta, ho opplyser at den stod i Familien nr 9/12.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar