tirsdag 11. april 2017

Broccolisalat!

Oppskrifta er frå sida Med hjerte for mat , anbefales!

Eg brukte bacon i staden for spekeskinke, trur den smakar like godt med anna salt kjøt som er steikt.
Hadde heller ikkje granateple, men var like god med eit grønt eple i små bitar oppi!


Ingrediensar til salat for ca. 2-4 personar:
  • 1 brokkoli
  • ½ rødløk
  • 1 granateple
  • 1 neve salte peanøtter
  • 4-5 skiver spekeskinke
  • 150 g creme fraiche/kesam
  • 2 ss majones
  • 1 ss kvitvinseddik
  • 1 lita ts sukker
  • svart pepar
Sprøsteik spekeskinka i ei panne og sett til sides. Del brokkkoli i små bukettar og ha det i ei skål. Skjær rødløk i tynne strimlar og bland saman med brokkoli. Del granateplet i to og ta ut alle kjernene. Prøv deg gjerne på eit triks som eg alltid brukar når eg skal ha granateple. Fyll ei skål med kaldt vatn og riv dei to granateplebitane frå kvarandre slik du får ut alle kjernene ved å halde det heile under vatn medan du jobbar. Slik unngår du at safta sprutar utover alt. Ha granateplekjerner og salte peanøtter i brokkoliskåla. Bland saman crème fraiche, majones, kvitvinseddik og sukker i ei skål og smak til med pepar. Ha dressingen over i brokkolisalaten og bland saman. Knus dei sprøsteikte spekeskinkeskivene over salaten og server.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar