fredag 1. juli 2011

Sviskekake


Dette er ei kake som eg kallar Sviskekake og har botn av kokos, eit lag eggekrem, eit lag med sviskekompott og krem på toppen.

Kanskje ei bombe å sjå til, men trur ikkje at den er sååå usunn. Litt gomat treng ein iallefall av og til, og så får vi heller vente litt til neste runde.

Vil du ha oppskrift så finn du den under her.

Kakebotn:

4 eggekviter
2 dl sukker
3 dl kokosmasse
2 ss mjøl
1 ts bakepulver

Stivpisk eggekviter og sukker og bland inn resten etterpå. Steik i 30 min v/175 gr. Kakeform 24 cm.

Eggekrem:

4 eggeplommer
1 dl sukker
1 dl fløyte eller melk
2 ts maisennamjøl

Varm opp til kokepunktet til det stivnar. Kjøl av.

Sviskekompott:

Legg i vatn 1 pose svisker, gjerne over natta. Kok opp i litt av bløytevatnet, tilsett litt sukker (3-4 ss) og kok til alt det våte er kokt inn. Kjøl av.

Pynting:

Legg eggekrem oppå kakebotnen, deretter sviskekompott og vispa kremfløyte(1 pk) øverst . Pynt med raspa sjokolade og delte svisker

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar