søndag 23. august 2015

Olines hamburgerbrød!

Sommar og grilltid og langt til butikken,.....ja då er det raskast å bake eigne hamburgerbrød!


Oppskrifta kom eg fram til sjølv, og har laga den fleire gongar i sommar. Eg brukar gjerne å lage både hamburgerbrød og rundstykker av same deigen.

Ca 1,3 l lunka vatn
1 pk gjær
3 -4 dl grovkveite
1/2 dl sukker
2 ts salt
1,5 dl rapsolje
kveitemjøl

Deigen skal være litt laus.
Hev minst 1/2 time.

Bruk same størrelse på deigen til rundstykker og hamburgerbrøda. Bruk kjevle til å bake ut hamburgerbrøda, dei skal være ca 1 cm tjukke før heving. Du får plass til 6 stk på ei plate.

Heving:
Sett bretta i ovnen med varmluft på 50 gr. Lat stå til første brettet du sette inn er godt nok heva. Ta ut alle og legg handkle over og sett ovnen på 230 gr.
Steik rundstykka i ca 18 min og hamburgerbrøda 12-14 min. Dei skal ha litt farge.

Åses bringebærterte

Denne kaka lærte eg å lage av ein tidlegare kollega, Åse, og kaka er for meg blitt den beste sommarkaka!

Kaka er rask å lage og enkel å pynte. Når det kjem ferske bringebær i butikken, eller ein har eigne bær, er det tid for å lage denne kaka!

Kakebotn som passar til form på 28 cm:

3 egg
2,5 dl sukker
3 dl mjøl
3/4 dl melk
75 g smelta margarin
1 ts bakepulver
2 ts vaniljesukker

Har du ei mindre form tek du berre 2 egg, 2 dl sukker og 2,5 dl mjøl. Reduser også litt på melk og margarin. Botnen blir god uansett!!

Steik nederst v/200 gr i 25-30 min.

Botnen kan godt lagast dagen før du skal servere den, la den då stå i forma med handkle over. Botnen er lav og skal ikkje delast når du skal lage til kaka.

Pynting:

1 pk Piano vaniljekrem, rør den godt om i ei skål først så den blir glatt, ha deretter kremen over heile kakebotnen.
1 boks med ferske bringebær til pynt. Du kan også bruke frosne bær, sett dei då direkte på vaniljekremen medan dei er frosne.
Dryss melis over bæra før servering.