fredag 1. juli 2011

Hermetiserte plommer














Dette innlegget er frå sommaren 2008 i gamlebloggen min, men snart er det tid for plommer i år også!

Det er høgsesong for plommer no! Og no kan eg virkelig nyte godt av plommetrea som eg planta for nokre år sidan. Tidlegare misunte eg dei som hadde rikelig med søte og fristande blå plommer. I min barndom hadde vi berre Victoria-plommer, dei kjem seinare men er ikkje så gode til "ete-plommer". Så då eg fann ut at eg skulle plante blåplommer, så ville eg plante så mange tre at eg kunne fråtse i herligheten!

Så no har eg 7 tre av sortane Herman, Edda og Opal, og gjett om vi har ete plommer!!! Og mange ramlar ned, men det gjer ingenting, for målet mitt var å ha så rikelig at alle kunne ete det dei vil! Nam , nam!

For å bevare litt av denne herligheten over i mørketida, så har eg hermetisert nokre glas med plommer.

Denne gongen ville eg prøve ein ny metode som ei venninne brukar. Kor godt plommene vil holde seg, gjenstår å sjå.

Her er framgangsmåten :

Kok sukkerlake av 650 gr sukker til 1 liter vatn.

Fyll glasa med nyplukka plommer, stapp godt, men ikkje til dei sprekk. Slå over sukkerlaken til nesten fullt glas, ca 2 cm, frå kanten.

Sett dei i steikeovn som er oppvarma til 150 gr og la dei stå i ca 1,5 t. Lokket skal leggast lett på toppen av glaset når dei står i ovnen, men ikkje skruast på for at lufta skal sleppe opp. Stikk med ein pinne i plommene for å sjekke om dei er møre. Ta glasa ut av ovnen og skru fast til lokka.

Simsalabim, no er ein nydelig dessert klar på glas! Tenk så godt dette smakar til vispa kremfløyte!!!! Mmmmmm........
(beklager litt dårlige bilder av glasa)

Kveldsmeny: Risotto

Det er helg og då blir det tid til å lage noko ekstra godt til kvelds. Menytips er heimelaga Risotto med diverse oppi.
Denne retten er enkel å lage, har ein berre litt ris så er det berre å putte oppi det ein finn i kjøleskap og på bod!


Innholdet i min risotto:
•kokt middagsris
•ein steikt rødløk
•litt broccoli, steik i lag med løken
•1 boks mais, fres den litt på steikepanna
•litt paprika, eg har brukt grøn
•pølser i småbitar, steik på steikepanna
Smak til med salt, pepar og ha på litt karry om du likar det!
Bland alt oppi ei stor panne, og så er risottoen klar. Server med loff eller rundstykker med Bremykt på

Sviskekake


Dette er ei kake som eg kallar Sviskekake og har botn av kokos, eit lag eggekrem, eit lag med sviskekompott og krem på toppen.

Kanskje ei bombe å sjå til, men trur ikkje at den er sååå usunn. Litt gomat treng ein iallefall av og til, og så får vi heller vente litt til neste runde.

Vil du ha oppskrift så finn du den under her.

Kakebotn:

4 eggekviter
2 dl sukker
3 dl kokosmasse
2 ss mjøl
1 ts bakepulver

Stivpisk eggekviter og sukker og bland inn resten etterpå. Steik i 30 min v/175 gr. Kakeform 24 cm.

Eggekrem:

4 eggeplommer
1 dl sukker
1 dl fløyte eller melk
2 ts maisennamjøl

Varm opp til kokepunktet til det stivnar. Kjøl av.

Sviskekompott:

Legg i vatn 1 pose svisker, gjerne over natta. Kok opp i litt av bløytevatnet, tilsett litt sukker (3-4 ss) og kok til alt det våte er kokt inn. Kjøl av.

Pynting:

Legg eggekrem oppå kakebotnen, deretter sviskekompott og vispa kremfløyte(1 pk) øverst . Pynt med raspa sjokolade og delte svisker

Mias appelsinkake

Denne kaka er frå bloggen Mias Landliv.
Oppskrifta la ho ut på bloggen sin 3.4 2007, du finn den der, men eg har også kopiert den inn på denne sida.

APPELSINKAKE:
3 egg
3 dl sukker
200 g smør eller margarin
4 dl hvetemel
2 ts bakepulver
2 ts revet appelsinskall
1 dl appelsinsaft

Smelt smøret og avkjøl det. Pisk tykk eggedosis av egg og sukker. Sikt sammen bakepulver og hvetemel, og rør det sammen med smør, appelsinskall og sppelsinsaft i eggedosisen. Hell deigen i en godt smurt kakeform (ca. 1 1/2 l). Stek kaken litt nede i ovnen ved ca. 200 grader i ca. 30 minutter. Hvelv den ferdigstekte kaken forsiktig ut av formen og avkjøl den deretter på rist. Ved servering drysses melis og litt revet appelsinskall over kaken.

Bringebærterte

Ei deilig bringebærterte som er rask å lage. Ein enkel kakebotn, 1 pk vaniljekrem oppå og bær øverst. Enkelt men veldig godt! OPPSKRIFT

2 egg
2,5 dl sukker
2,5 dl mjøl
50 gr smelta smør
0,5 ts bakepulver
ca 0,5 dl melk
Denne kaka er veldig enkel å lage, for du har alt opp i ein bolle og rører sammen med ein strengvisp, gjort på 1 min!!
Steik v/200 gr i 15-20 min.

Legg på 1 pk vaniljekrem og pynt med bringebær tett i tett. Litt blåbær innimellom er også godt, og du kan òg bruke rips. Dryss eit lag med melis over før servering.