søndag 4. mars 2012

Meir Pavlova!

Så vart det ei Pavlova-kake igjen! Eller kanskje bør ein heller kalle denne for dessertkake. Det var ikkje ei planlagt kake, men den vart til av eit spontankjøp av jordbær. For på Rema 1000 låg det nokre utruleg fristande jordbær i flott plastpakning. Berre 19 kr kosta dei, og der låg smaksprøver! Mmmm, dei smaka til og med nydelig! Så då måtte det berre bli ei slik nydelig kake,
  • med jordbær,
  • blå og grøne druer,
  • hermetiske mandariner og
  • banan.
Marengsen er den same som i forige innlegg, men denne gongen brukte eg berre 4 eggekviter og 2 dl sukker og 2 dl melis. Dette vart ein passande størrelse.
Kremen oppå er 1 pk vispa kremfløyte som er blanda med 1/2 pk Freia kakefyll med vaniljesmak. Eg brukar berre ein halv pk her fordi eg ha funne ut at dette gjev den beste smaken, for det skal smake mest krem her.