Viser innlegg med etiketten pavlova. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten pavlova. Vis alle innlegg

lørdag 18. mai 2019

Pavlova, gluten- og laktosefri!

Denne kaka er enkel å lage og passar godt å lage når ein har allergikarar!







Botnen er Toro Pavlova, ein botn som er enkel å lage og blir like vellykka kvar gong! Anbefales!Se kildebildet




Lag til kaka rett før servering så botnen held seg sprø. Eg brukte laktosefri kremfløyte oppå kaka, den er like god som vanleg fløyte, men det tek litt lenger tid å få den stiv.


Pynt med sesongens gode bær, eller evt frosne bær!

søndag 4. mars 2012

Meir Pavlova!

Så vart det ei Pavlova-kake igjen! Eller kanskje bør ein heller kalle denne for dessertkake. Det var ikkje ei planlagt kake, men den vart til av eit spontankjøp av jordbær. For på Rema 1000 låg det nokre utruleg fristande jordbær i flott plastpakning. Berre 19 kr kosta dei, og der låg smaksprøver! Mmmm, dei smaka til og med nydelig! Så då måtte det berre bli ei slik nydelig kake,
  • med jordbær,
  • blå og grøne druer,
  • hermetiske mandariner og
  • banan.
Marengsen er den same som i forige innlegg, men denne gongen brukte eg berre 4 eggekviter og 2 dl sukker og 2 dl melis. Dette vart ein passande størrelse.
Kremen oppå er 1 pk vispa kremfløyte som er blanda med 1/2 pk Freia kakefyll med vaniljesmak. Eg brukar berre ein halv pk her fordi eg ha funne ut at dette gjev den beste smaken, for det skal smake mest krem her.