lørdag 28. april 2018
Den enklaste Oreokaka!!
Nydelig dessertkake som er 24 cm i diameter.
Bruk kakefat der det høyrer til ring, enklest å servere då!!
Oppskrift:
Botn: 1 pk knuste Oreokjeks (ta frå ca 2 ss til pynt) blandast med 50 gr smelta margarin.
Ha ut over botnen og trykk fast. Den dekkjer ikkje heilt, men er nok til å danne det mørke
kjekslaget nederst. Men ok om du har 2 pakker kjeks, då dekker det godt!
Fyll 1: 1 liten bx Philadelfia piskas godt med 2,5 dl melis. Bland i litt av den piska kremfløyte som
du skal ha på toppen og bre ut over botnen.
Fyll 2: 1 pk Freia sjokolademousse med Dajm piskas med 2 dl melk. La stivne litt før du har det over
fyll nr 1.
Topp: 1 pk piska kremfløyte (minus det du blanda i fyll nr 1) leggjast på toppen. Pynt med knuste
kjeks.
La kaka stå kaldt og stivne skikkeleg før du serverer den!
Etiketter:
kaker
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar