lørdag 24. januar 2015

Gode grove rundstykker.

Gode grove rundstykker!
Ca 30 stk.

Desse er nydelige på smak, har "kort" konsistens og har litt sprø skorpe ca et døgn.
Når dei er nysteikte legg du dei på rist med handkle over, slik kan dei ligge til neste dag. Då legg du dei innpakka i handkle i ei korg, og når dagen er omme, så er dei nok oppetne alle som ein!

1 l lettmelk, lunka
1 pk gjær/tørrgjær
150 g smelta margarin
1dl sukker
5dl grovkveite
1dl lettkokte havregryn
Kveitemjøl til passe deig.

Deigen skal være litt laus fordi  havregryna trekkjer til seg væske.

Hev lenge, og litt til!

Trill ut til rundstykker, la dei så heve seg fort i steikeovnen slik:
Bruk varmluft, sett den på ca 45-50 gr, hev til dei har nesten passe str, ta ut av ovnen og pakk inn i handkle.
No set du ovnen på ca 250 gr.
Steik midt i ovnen i va 17 min, dei skal bli litt mørke, då er dei best!

1 kommentar: