mandag 27. juli 2020

Halvgrove pølsebrød/ beine kringler!

Eiga oppskrift på pølsebrød til familien. Laga stor porsjon så det vart både kringler og rundstykker.

Hadde barnebarn på besøk som elska desse kringlene, men då det var att berre pølsebrød, så var svaret at dei likte ikkje pølsebrød! Men då eg sa at eg også hadde beine kringler , ;) , så åt dei med stor appetitt! Så namn er viktig ved val av mat!

Oppskrift:

1,5 l lunka melk, evt bytt ut med 0,5 l vatn
1 pk gjær
3 ss sukker
3 ts salt
150 g smelta margarin
3 dl havregryn
3 dl fin sammalt kveite
1 egg
Kveitemjøl til passe fast deig

Hev lenge,... og litt til.
Bak ut og hev lenge.

Steik v/230 gr i 12-14 min.

Steik til dei er svakt lysebrune om du skal ha dei til pølsebrød, la dei bli litt mørkare om du skal ha dei som gjærbakst med pålegg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar