fredag 20. desember 2013

Potetmjølstoppar

I dag har eg laga Potetmjølstoppar.
Dette er lyse sprø kaker som smuldrar fort i munnen og er gode på smak!!



Oppskrifta gjev ca 100 kaker.

250 g margarin
250 g sukker
1 egg
3 ts vaniljesukker
3 ts bakepulver
125 g kveitemjøl
500 g potetmjøl

Rør smør og sukker kvitt, tilsett egg og ha i resten litt etter litt. Kna i mjølet med hendene til slutt, for deigen vert ganske fast.
Trill kuler og trykk dei ned med gaffel så dei får stripemønster.
Steik v/200 gr i ca 12 min.

mandag 11. november 2013

Enkel Oreokake

Eg skulle lage oreokake til farsdag og kjøpte kjeks, fløyte og sjokolademousse. Vel heime sjekka eg oppskrifter på nettet, og oppdaga at eg hadde kjøpt for lite av både kjeks og sjokolademousse. Valget vart då å kutte ut å lage kaka eller å lage min eigen variant.
PÅ bloggen til Idefull fann eg DENNE oppskrifta som eg tok utgangspunkt i. Eg måtte gjere oppskrifta enklare, utsjånaden vart enklare, men smaken vart sikkert like god! Og då har ein nådd målet med ei god kake!!

1 pk Oreokjeks, 250 g, ta av 2 stk til pynt og knus resten.
1 pk Freia sjokolademousse
50 g hakka kokesjokolade

Lag sjokolademousse og bland i kjeks og sjokolade, ha ut over botnen på kakeform, 24 cm. Eg brukte Porsgrunn sitt ostekakefat "Bake it".

1 boks Mascarpone ost
100 g melis
1 ts vaniljesukker

Visp sammen og bland dette i 1 pk vispa kremfløyte.
Løys opp 3 pl gelatin og ha dette i kremblandinga. Bre dette ut over laget med sjokolademousse.

Hakk opp dei 2 Oreokjeksa og strø over toppen til pynt.
Sett kaka kaldt minst 1 time.

søndag 10. november 2013

Broccolisalat

Eg har vore så heldig å både få servert og fått oppskrift på ein nydelig broccolisalat.

1 bunt broccoli i små buntar
1 bx creme fraiche
4 ss sukker og 2-3 ss eddik blandes i creme fraiche
200 g røde druer
1/2-1 rødløk eller vårløk
pinjekjerner

Bland alt i ei skål og la stå og trekkje litt.

Det er også godt med sprøsteikt Strandaskinke på toppen.
Pinjekjerner kan bytast ut med peanøtter.
Eit anna alternativ er å ha i karri.

Serveres til kjøtrettar og med brød til.

lørdag 5. oktober 2013

Saftig sjokoladekake

Denne oppskrifta har eg fått frå mi venninne Torunn og er ei saftig og god sjokoladekake. Den er utan egg, så den er lur å lage om ein skulle få nokon med eggallergi på besøk!

SJOKOLADEKAKE

7,5 dl kefir
150 g smelta margarin
500 g sukker
1 ss natron
10 dl mjøl
3-4 ss kakao

Smelt margarin, avkjøl litt og bland i sukker, rør til dette er litt oppløyst.Ha Rør sammen alle ingrediensane, men med litt mjøl om gongen. Rør til røra vert glatt. Oppskrifta passar til den store langpanna.

Steik på nest nederste rille i ca 35 min.

GLASUR
100 g smelta margarin
1pl smelta sjokolade eller 1-2 ss kakao
2 ss kaffi
300 g melis
3 ts vaniljesukker
1 eggeplomme (kan sløyfast)

onsdag 30. januar 2013

Kaffimarengskake




KAFFIMARENGS-KAKE til form 28 cm

Botn 1 (øverst)

150 g smør
150 g sukker
2 egg
150 g kv.mjøl
2 ts bakepulver
1 ss vaniljesukker

Marengs:2 eggekv./100 g sukker/1 ss pulverkaffi i 1 ss vatn/25 g hakka valnøtter
Legg marengsen over kakerøra og steik v/180 gr i ca 25-30 min. Botnen vert litt saftig.

Botn 2:
(ein sukkerbrødbotn)

2 egg
1,5 dl sukker
1,5 dl mjøl
1 ts bakepulver
3 ss sterk pulverkaffi (utrørt i vatn)

Botn 3 (nederst):

Same som botn 1 men uten marengs.


Fyll:
Nederste fyll er 1 pk Sjokolademousse blanda med ca 1 dl vispa kremfløyte.
Øverste fyll er ca 3 dl vispa kremfløyte.

Glasur:
3 ss sterk pulverkaffi, bland i melis til den er passe tjukk til å "ringle" over kaka til pynt.

mandag 17. desember 2012

Det beste vørterbrødet!

Det er tradisjon i heimen min å lage dette brødet rett før jul. Eg gjev bort nokre i gåver til familie og venner, og smaken er aller best når dei er nysteikte!

50 g gjær
50 g smelta margarin
1 fl vørterøl
1/2 kg kveitemjøl
1 egg

Bland alt, dette er ei laus deig som skal heve 1/2 time.

Tilsett:
1 dl mørk sirup
1 dl sukker
3 dl rosiner
1/2 ts pepar
1/2 ts allehånde
1/2 ts stjerneanis
1 ts nellik
1/2 kg fin rug

Elt deigen godt sammen, hev 3/4 time.

Lag 2 runde brød, legg dei på brett og trykk dei flate, hev 1 time.

Steik v/200 gr i 40 min.

mandag 29. oktober 2012

Fårerull

 Kvar haust brukar eg å lage Fårerull. Dette er julepålegget for meg, og slik rull med den gode smaken får eg ikkje kjøpt i butikken. Eg brukar å lage den sterk i smaken og godt salta, for då smakar den ekstra godt på brødskiva!

Denne oppskrifta kjem frå tanta mi i Austefjorden på Sunnmøre, og slik har den vore laga i familien tidlegare òg. Det er kjekt å lage ekte tradisjonsmat !

I år har eg brukt slagsider av lam, men før har eg brukt mest sider av sau. Lammesidene er sjølvsagt mindre og for å få til ein god rull, så må dei syast fint saman. Det er nesten som å være kirurg her, for her er det litt synsing korleis ein får best fasong på rullen og kva ein har å sy i. Den ytre hinna er lett å dra i og å forme, så den lange spissen som ei slik side har, den syr eg oftast fast før eg byrjar å fylle, sjå bildet rett over her.

Før vart rullen krydra og rulla saman slik den var, men eg brukar å kjøpe ekstra kjøt som eg skjær reint før eg har det i.

Til ei slagside brukar eg denne krydderblandinga:
3 ss salt
1 ss sukker
1 ts ingefær
1 ts pepar
1 ts gelatinpulver
litt salpeter

Sy saman med kraftig tråd!

Lake til 2 rullar:
2 l vatn
40 g sukker
400 g fint salt
1 ts salpeter

Det går fint å røre ut laken med kaldt vatn, men det trengs litt tid til å løyse opp alt saltet. Rør til laken blir klar. Legg oppi dei ferdige rullane og la dei ligge ca ei veke, eller til laken byrjar å bli "dårlig". Frys ned rullane.

Koking av rull:
Rullen må surrast godt med snøre før koking!
Kok i lettsalta vatn tilsett ein halv løk.
La den trekke i 2 t.
Legg rullen i press til den er kald.