lørdag 5. oktober 2013

Saftig sjokoladekake

Denne oppskrifta har eg fått frå mi venninne Torunn og er ei saftig og god sjokoladekake. Den er utan egg, så den er lur å lage om ein skulle få nokon med eggallergi på besøk!

SJOKOLADEKAKE

7,5 dl kefir
150 g smelta margarin
500 g sukker
1 ss natron
10 dl mjøl
3-4 ss kakao

Smelt margarin, avkjøl litt og bland i sukker, rør til dette er litt oppløyst.Ha Rør sammen alle ingrediensane, men med litt mjøl om gongen. Rør til røra vert glatt. Oppskrifta passar til den store langpanna.

Steik på nest nederste rille i ca 35 min.

GLASUR
100 g smelta margarin
1pl smelta sjokolade eller 1-2 ss kakao
2 ss kaffi
300 g melis
3 ts vaniljesukker
1 eggeplomme (kan sløyfast)

onsdag 30. januar 2013

Kaffimarengskake




KAFFIMARENGS-KAKE til form 28 cm

Botn 1 (øverst)

150 g smør
150 g sukker
2 egg
150 g kv.mjøl
2 ts bakepulver
1 ss vaniljesukker

Marengs:2 eggekv./100 g sukker/1 ss pulverkaffi i 1 ss vatn/25 g hakka valnøtter
Legg marengsen over kakerøra og steik v/180 gr i ca 25-30 min. Botnen vert litt saftig.

Botn 2:
(ein sukkerbrødbotn)

2 egg
1,5 dl sukker
1,5 dl mjøl
1 ts bakepulver
3 ss sterk pulverkaffi (utrørt i vatn)

Botn 3 (nederst):

Same som botn 1 men uten marengs.


Fyll:
Nederste fyll er 1 pk Sjokolademousse blanda med ca 1 dl vispa kremfløyte.
Øverste fyll er ca 3 dl vispa kremfløyte.

Glasur:
3 ss sterk pulverkaffi, bland i melis til den er passe tjukk til å "ringle" over kaka til pynt.

mandag 17. desember 2012

Det beste vørterbrødet!

Det er tradisjon i heimen min å lage dette brødet rett før jul. Eg gjev bort nokre i gåver til familie og venner, og smaken er aller best når dei er nysteikte!

50 g gjær
50 g smelta margarin
1 fl vørterøl
1/2 kg kveitemjøl
1 egg

Bland alt, dette er ei laus deig som skal heve 1/2 time.

Tilsett:
1 dl mørk sirup
1 dl sukker
3 dl rosiner
1/2 ts pepar
1/2 ts allehånde
1/2 ts stjerneanis
1 ts nellik
1/2 kg fin rug

Elt deigen godt sammen, hev 3/4 time.

Lag 2 runde brød, legg dei på brett og trykk dei flate, hev 1 time.

Steik v/200 gr i 40 min.

mandag 29. oktober 2012

Fårerull

 Kvar haust brukar eg å lage Fårerull. Dette er julepålegget for meg, og slik rull med den gode smaken får eg ikkje kjøpt i butikken. Eg brukar å lage den sterk i smaken og godt salta, for då smakar den ekstra godt på brødskiva!

Denne oppskrifta kjem frå tanta mi i Austefjorden på Sunnmøre, og slik har den vore laga i familien tidlegare òg. Det er kjekt å lage ekte tradisjonsmat !

I år har eg brukt slagsider av lam, men før har eg brukt mest sider av sau. Lammesidene er sjølvsagt mindre og for å få til ein god rull, så må dei syast fint saman. Det er nesten som å være kirurg her, for her er det litt synsing korleis ein får best fasong på rullen og kva ein har å sy i. Den ytre hinna er lett å dra i og å forme, så den lange spissen som ei slik side har, den syr eg oftast fast før eg byrjar å fylle, sjå bildet rett over her.

Før vart rullen krydra og rulla saman slik den var, men eg brukar å kjøpe ekstra kjøt som eg skjær reint før eg har det i.

Til ei slagside brukar eg denne krydderblandinga:
3 ss salt
1 ss sukker
1 ts ingefær
1 ts pepar
1 ts gelatinpulver
litt salpeter

Sy saman med kraftig tråd!

Lake til 2 rullar:
2 l vatn
40 g sukker
400 g fint salt
1 ts salpeter

Det går fint å røre ut laken med kaldt vatn, men det trengs litt tid til å løyse opp alt saltet. Rør til laken blir klar. Legg oppi dei ferdige rullane og la dei ligge ca ei veke, eller til laken byrjar å bli "dårlig". Frys ned rullane.

Koking av rull:
Rullen må surrast godt med snøre før koking!
Kok i lettsalta vatn tilsett ein halv løk.
La den trekke i 2 t.
Legg rullen i press til den er kald.

søndag 6. mai 2012

Kladdkake med bærpynt

 Denne kaka er berre heilt nydelig! Ein saftig kladdkakebotn med vaniljekrem og kremfløyte som kan pyntast med alle slags bær!

Oppskrift:
3 egg
3 dl sukker
150 g smelta margarin
3 ts vaniljesukker
2 dl kveitemjøl
4 ss kakao

Visp egg og sukker til eggedosis, tilsett resten og ha i smurt form, 26 cm.
Steik nederst v/175 gr i 35 min. Ikkje lenger!! Den skal være litt saftig i midten!
Her har eg brukt kokt  Freia vaniljekrem (pose til vaniljesaus, men med 2,5 dl melk), 1 pk kremfløyte og ca 1/2 korg med jordbær.

Nydelig kyllingsalat med pasta!

Nydelig kyllingsalat med pasta!

Oppskrift

Kok pastaskruar og Penne, ha over litt olivenolje når dei er kokt og skylt i varmt vatn.

Kylling: Ca 3 kyllingfileter. Steik på steikepanne i smør, ha på salt og pepar. Når dei er avkjølt skjer du dei i små bitar og blandar i Sweet chili saus.

Salat:
Pasta
Kylling
paprika i bitar, bruk fleire fargar
1 boks mais
purre, skjær i tynne ringar

Server med isbergsalat og brød
Lettrømme og Sweet chili saus som ekstra tilbehør


lørdag 7. april 2012

Kanel-platekake



Dette er ei saftig og god platekake, den er mørk og i heimen går den for å være sjokoladekake! Dette kjem nok av sjokoladekremen på toppen, for det er ikkje kakao i oppskrifta.
Oppskrift:

7,5 dl kefir
600 g sukker
180 g smelta margarin
3 ts natron
5 ts kanel
600 g kveitemjøl

Smelt smøret og rør ut sukkeret i det medan det er varmt. Bland i resten.

Steik v/180 grader i 30-40 min.
Glasur:

250 g melis
2 ts vaniljesukker
1 ss kakao
50 g smelta margarin
4 ss kaffi

Smør på glasuren medan kaka er varm.