tirsdag 9. september 2014

Gode rundstykker

Rundstykker

1 l lunka melk
0,5 l lunka vatn
1 pk gjær
200 smelta margarin
2 egg
1,5 ts salt
3 ss sukker
1 ts bakepulver
Mjøl til den slepper litt om du brukar mixer, skal være litt laus!
Hev lenge, her kan det passe med ein blund i godstolen, men bestill vekking så deigen ikkje fer på golvet!
Bak ut, lag litt store og avlange, blir ca 50 stk.
Steik v 250 gr i ca 12-15 min.
Dei er best om dei får litt brunfarge, då blir skorpa sprø!

lørdag 12. juli 2014

Sara´s kake

Sara´s kake er ei saftig og god sjokoladekake uten egg. Mulig at denne oppskrifta er den same som nokre kallar "O´boy kake".


Sara´s kake

7,5 dl kefir
5 dl sukker
1 ss natron

Bland dette sammen og la stå ca 1/2 time.

150 g margarin, smelt og avkjøl litt.

10 dl kveitemjøl
8 ss O´boy

Bland alt sammen.

Langpanne, middels stor, ca 25 x 35 cm.
Steik v/200 gr i 25-30 min.

Glasur

500 g melis
100 g smelta margarin
6 ss O´boy
3 ts vaniljesukker
5-8 ss sterk kaffi

Ha glasuren på kaka medan den er varm!

torsdag 26. desember 2013

Stort og høgt sukkerbrød

Dette er den beste sukkerbrødoppskrifta eg har, for den klikkar aldri! Den fyller forma heilt opp og har ein fin konsistens.

Olines sukkerbrød

4 store egg
250 g sukker
100 g potetmjøl
100 g kveitemjøl
3 ts bakepulver
3 ss vatn

Visp stiv eggedosis. Sikt i alt det tørre og vend forsiktig i røra. Ha til slutt i 3 ss kaldt vatn, rør glatt forsiktig.

Ha i form på 26 cm som er smurt og strødd med semulegryn.

Steik nederst i 1 time v/ ca 180 gr. Legg over matpapir siste 15 min. 

fredag 20. desember 2013

Potetmjølstoppar

I dag har eg laga Potetmjølstoppar.
Dette er lyse sprø kaker som smuldrar fort i munnen og er gode på smak!!



Oppskrifta gjev ca 100 kaker.

250 g margarin
250 g sukker
1 egg
3 ts vaniljesukker
3 ts bakepulver
125 g kveitemjøl
500 g potetmjøl

Rør smør og sukker kvitt, tilsett egg og ha i resten litt etter litt. Kna i mjølet med hendene til slutt, for deigen vert ganske fast.
Trill kuler og trykk dei ned med gaffel så dei får stripemønster.
Steik v/200 gr i ca 12 min.

mandag 11. november 2013

Enkel Oreokake

Eg skulle lage oreokake til farsdag og kjøpte kjeks, fløyte og sjokolademousse. Vel heime sjekka eg oppskrifter på nettet, og oppdaga at eg hadde kjøpt for lite av både kjeks og sjokolademousse. Valget vart då å kutte ut å lage kaka eller å lage min eigen variant.
PÅ bloggen til Idefull fann eg DENNE oppskrifta som eg tok utgangspunkt i. Eg måtte gjere oppskrifta enklare, utsjånaden vart enklare, men smaken vart sikkert like god! Og då har ein nådd målet med ei god kake!!

1 pk Oreokjeks, 250 g, ta av 2 stk til pynt og knus resten.
1 pk Freia sjokolademousse
50 g hakka kokesjokolade

Lag sjokolademousse og bland i kjeks og sjokolade, ha ut over botnen på kakeform, 24 cm. Eg brukte Porsgrunn sitt ostekakefat "Bake it".

1 boks Mascarpone ost
100 g melis
1 ts vaniljesukker

Visp sammen og bland dette i 1 pk vispa kremfløyte.
Løys opp 3 pl gelatin og ha dette i kremblandinga. Bre dette ut over laget med sjokolademousse.

Hakk opp dei 2 Oreokjeksa og strø over toppen til pynt.
Sett kaka kaldt minst 1 time.

søndag 10. november 2013

Broccolisalat

Eg har vore så heldig å både få servert og fått oppskrift på ein nydelig broccolisalat.

1 bunt broccoli i små buntar
1 bx creme fraiche
4 ss sukker og 2-3 ss eddik blandes i creme fraiche
200 g røde druer
1/2-1 rødløk eller vårløk
pinjekjerner

Bland alt i ei skål og la stå og trekkje litt.

Det er også godt med sprøsteikt Strandaskinke på toppen.
Pinjekjerner kan bytast ut med peanøtter.
Eit anna alternativ er å ha i karri.

Serveres til kjøtrettar og med brød til.

lørdag 5. oktober 2013

Saftig sjokoladekake

Denne oppskrifta har eg fått frå mi venninne Torunn og er ei saftig og god sjokoladekake. Den er utan egg, så den er lur å lage om ein skulle få nokon med eggallergi på besøk!

SJOKOLADEKAKE

7,5 dl kefir
150 g smelta margarin
500 g sukker
1 ss natron
10 dl mjøl
3-4 ss kakao

Smelt margarin, avkjøl litt og bland i sukker, rør til dette er litt oppløyst.Ha Rør sammen alle ingrediensane, men med litt mjøl om gongen. Rør til røra vert glatt. Oppskrifta passar til den store langpanna.

Steik på nest nederste rille i ca 35 min.

GLASUR
100 g smelta margarin
1pl smelta sjokolade eller 1-2 ss kakao
2 ss kaffi
300 g melis
3 ts vaniljesukker
1 eggeplomme (kan sløyfast)