Nydelig kyllingsalat med pasta!
Oppskrift
Kok pastaskruar og Penne, ha over litt olivenolje når dei er kokt og skylt i varmt vatn.
Kylling: Ca 3 kyllingfileter. Steik på steikepanne i smør, ha på salt og pepar. Når dei er avkjølt skjer du dei i små bitar og blandar i Sweet chili saus.
Salat:
Pasta
Kylling
paprika i bitar, bruk fleire fargar
1 boks mais
purre, skjær i tynne ringar
Server med isbergsalat og brød
Lettrømme og Sweet chili saus som ekstra tilbehør
søndag 6. mai 2012
lørdag 7. april 2012
Kanel-platekake

Oppskrift:
7,5 dl kefir
600 g sukker
180 g smelta margarin
3 ts natron
5 ts kanel
600 g kveitemjøl
Smelt smøret og rør ut sukkeret i det medan det er varmt. Bland i resten.
Steik v/180 grader i 30-40 min.
Glasur:
250 g melis
2 ts vaniljesukker
1 ss kakao
50 g smelta margarin
4 ss kaffi
Smør på glasuren medan kaka er varm.
søndag 1. april 2012
Pai
Ein enkel rett å lage, oppi paien kan ein ha nesten kva som helst.Paibotn:
150 g margarin
3 dl mjøl
2 ss vatn
Køyr i foodprosessor til alt samlar seg til ein "ball".
Denne porsjonen passar til ei rund paiform, ca 26 cm. til forma på bildet auka eg opp porsjonen til ca 175 g margarin og 4 dl mjøl.
Steik paibotnen i 10 min v/250 gr om du vil ha botnen litt sprø.
Fyll:
1 bx bogskinke
1/2 purre
1 rødløk
1 paprika
1 pk sjampinjong (ca 250 g), steik denne litt først på steikepanne
Ha på litt pepar, bogskinka er litt salt frå før, så ein treng ikkje tilsette salt.
Rør sammen:
3 egg
1,5 dl rømme
1,5 dl melk
Slå over fyllet, strø over riven ost og dryss paprikapulver.
Steik v/250 gr i 20-25 min eller til toppen er passe brun.
søndag 4. mars 2012
Meir Pavlova!
- med jordbær,
- blå og grøne druer,
- hermetiske mandariner og
- banan.
Marengsen er den same som i forige innlegg, men denne gongen brukte eg berre 4 eggekviter og 2 dl sukker og 2 dl melis. Dette vart ein passande størrelse.
Kremen oppå er 1 pk vispa kremfløyte som er blanda med 1/2 pk Freia kakefyll med vaniljesmak. Eg brukar berre ein halv pk her fordi eg ha funne ut at dette gjev den beste smaken, for det skal smake mest krem her.
fredag 23. september 2011
Stor PAVLOVA!
OPPSKRIFT som passar til heile langpanna:
6 eggekviter, pisk dei stive.
3 dl sukker, dette tilsettes den stivpiska eggekviten, pisk godt.
3 dl melis, pisk dette litt i lag med resten.
2 ts potetmjøl og
2 ts vaniljesukker røres i.
Bre ut over heile langpanna, bruk bakepapir.
Steikes v/175 gr på nederste rille i 5 min, deretter senkes temp. til 140 gr og la stå i 1,5 t.
Marengsbotnen kan stå i fleire dagar før du pynter den. Om du vil ha til ei rund kake, så halverer du oppskrifta.
PYNT:
Til ei stor langpanne treng du:
2 pk kremfløyte og 1 pk Piano vaniljekrem. Pisk fløyten stiv og bland i vaniljekremen.
Oppå kaka brukar du mange sortar frukt. På bildet av kaka mi ser du at eg har brukt:
2 små boksar tropisk frukt
grøne og blå druer.
Om du lagar kaka om sommaren, så smakar det godt med jordbær i lag med frukta. Fruktcoctail kan du bruke. Kiwi er fint å bruke og det ser flott ut, men vær obs på at mange kan være allergiske mot kiwi.
torsdag 22. september 2011
Gode rundstykker
RUNDSTYKKERDette er mine favorittrundstykker, laga etter favorittoppskrifta mi. Ei universaloppskrift! Den kjem frå bestemor mi Pernille og er opprinnelig ei oppskrift på kringler. Men så vart det ein gong til at eg laga andre former av denne kringledeiga, og oppdaga at den var perfekt. Deigen er også veldig god å bruke når barn skal bake, for den fester seg ikkje til underlaget pga. mykje margarin i deigen.
Så av denne oppskrifta lagar eg:
- Kringler
- Pølsebrød
- Kuvertbrød i ulike fasongar
- Rundstykker
- 1 l lunka vatn
- 1pk gjær eller 1 pose tørrgjær
- 250 g smelta margarin
- 2 ss sukker
- 2 ts salt
- 1 ts hornsalt (obs! brukar det ikkje i kringler)
- kveitemjøl til deigen er passe
Når du skal bake ut trepå hendene så du kan trille lett ut.
1 l væske gir ca 3 fulle brett med rundstykker, dvs ca 45 stk.
La dei heve lenge og steik v/250 gr i ca 10-12 min.
lørdag 27. august 2011
Rå ripssaft
Eg lagar rå ripssaft enkelte år, det kjem litt an på kor mykje bær eg orkar å plukke! Vert det lite, så blir dei til gele. Men denne gongen vart det 6 l bær som skulle bli saft.Her er oppskrifta:
6 l bær
6 l vatn
3 poser sitronsyre
Ha alt i ein stor balje med lok til. Knus bæra , bland i sitronsyre og rør godt. Dette skal stå kaldt et til to døgn. rør i det av og til.
Sil alt gjennom eit klede, deretter tilsettes sukker. Bruk 0,8 kg pr l saft. Rør i det lenge til alt sukkeret er oppløyst.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


