Eiga oppskrift på pølsebrød til familien. Laga stor porsjon så det vart både kringler og rundstykker.
Hadde barnebarn på besøk som elska desse kringlene, men då det var att berre pølsebrød, så var svaret at dei likte ikkje pølsebrød! Men då eg sa at eg også hadde beine kringler , ;) , så åt dei med stor appetitt! Så namn er viktig ved val av mat!
Oppskrift:
1,5 l lunka melk, evt bytt ut med 0,5 l vatn
1 pk gjær
3 ss sukker
3 ts salt
150 g smelta margarin
3 dl havregryn
3 dl fin sammalt kveite
1 egg
Kveitemjøl til passe fast deig
Hev lenge,... og litt til.
Bak ut og hev lenge.
Steik v/230 gr i 12-14 min.
Steik til dei er svakt lysebrune om du skal ha dei til pølsebrød, la dei bli litt mørkare om du skal ha dei som gjærbakst med pålegg.
mandag 27. juli 2020
Saftig focaccia!
Denne oppskrifta er frå Krem.no. Den skal heve lenge, så denne lagar du når du har god tid.
Som tilbehør til gryteretter og salat, men også god med godt smør og kvitost på.
Lag dobbel oppskrift så fyller den heile langpanna. Dryss godt med Maldonsalt og Rosmarin på rett før steiking.
Som tilbehør til gryteretter og salat, men også god med godt smør og kvitost på.
Lag dobbel oppskrift så fyller den heile langpanna. Dryss godt med Maldonsalt og Rosmarin på rett før steiking.
torsdag 9. juli 2020
Nøttekake glutenfri
NØTTEKAKE MED SJOKOLADEKREM
Rund form ca 24cm Springform ca 20 x 30 cm
3 egg 4 egg
300 g sukker 400 gr sukker
300 g malte nøtter / mandler 400 gr malte bøtter/mandlar
½ ts bakepulver 1 ts bakepulver
2 eggekviter 3 eggekviter
Visp egg og sukker til eggedosis.
Tilsett malte nøtter/mandlar med bakepulver.
Pisk eggekvitene stive og tilsett forsiktig.
Ha i smurt kakeform. Eg brukar å smørje bare botnen, ikkje sidene. Syns den ikkje har so lett for å synke i hop då.
Steik ved 160 gr i ca 50–55 min.
Krem:
150 g smør/margarin 225 gr smør/margarin
120 g melis 180 gr melis
2 eggeplommer 3 eggeplommer
½ dl smelta kokosfett ¾ dl smelta kokosfett
½ dl kaffi ¾ dl kaffi
1 pl mørk kokesjokolade 1 ½ pl kokesjokolade
Rør mjukt smør, melis og eggeplommer til lys og luftig krem. Løys opp sjokoladen i delfiafett og kaffi. Bland i smørkremen og rør gjerne litt med handmiksar so den blir lysare og fyldig.
Eg deler kaka i 2 lag og har eit tynt lag krem inni kaka og resten utanpå. Men kan og godt ha all kremen utanpå kaka. Botnen kan vere litt smulete og dele.
Lukke til.
lørdag 1. juni 2019
Pai i eldfast form!
Ein enkel rett å lage, oppi paien kan ein ha nesten kva som helst.
Paibotn:
150 g margarin
3 dl mjøl
2 ss vatn
Køyr i foodprosessor til alt samlar seg til ein "ball".
Denne porsjonen passar til ei rund paiform, ca 26 cm.
Steik paibotnen i nederst i omnen i 10 min v/250 gr om du vil ha botnen litt sprø.
Fyll:
1 bx bogskinke, eller kjøtpålegg, steikt kjøtdeig eller pølser i biter.
1/2 purre
1 rødløk , kan sløyfast om du ikkje har
1 paprika
1 liten boks mais
Ha på litt pepar, bogskinka er litt salt frå før, så ein treng ikkje tilsette salt.
Rør sammen:
3 egg
1,5 dl rømme
1,5 dl melk
Slå over fyllet, strø over riven ost og dryss paprikapulver.
Steik v/250 gr i 20-25 min eller til toppen er passe brun.
Paibotn:
150 g margarin
3 dl mjøl
2 ss vatn
Køyr i foodprosessor til alt samlar seg til ein "ball".
Denne porsjonen passar til ei rund paiform, ca 26 cm.
Steik paibotnen i nederst i omnen i 10 min v/250 gr om du vil ha botnen litt sprø.
Fyll:
1 bx bogskinke, eller kjøtpålegg, steikt kjøtdeig eller pølser i biter.
1/2 purre
1 rødløk , kan sløyfast om du ikkje har
1 paprika
1 liten boks mais
Ha på litt pepar, bogskinka er litt salt frå før, så ein treng ikkje tilsette salt.
Rør sammen:
3 egg
1,5 dl rømme
1,5 dl melk
Slå over fyllet, strø over riven ost og dryss paprikapulver.
Steik v/250 gr i 20-25 min eller til toppen er passe brun.
søndag 26. mai 2019
Mandelkake frå Sveits!
Denne kaka er glutenfri og kan også være laktosefri om du brukar laktosefri fløyte. Det tek litt lenger tid å få kremen stiv, men det går fint!!
Kakebotn
200 g mandler
200 g melis
4 eggekviter
1 stor ts bakepulver
Rund form 26 cm
Steikes ca 1/2 t v/200 gr nederst i omnen.
Fromasj til toppen:
4 eggeplommer
1 heilt egg
5 ss sukker
Pisk egg og sukker til eggedosis.
Pisk en liten pk fløyte til krem
Bland eggedosis og krem, ha i ca 1/3 dl sterk kaffi og tilsett 4-5 pl gelatin som er oppløyst i kokande vatn. Rør godt når du Tilset gelatinen. Slå over kaka og sett den kaldt.
Pynt med mandelspon ved servering.
Kakebotn
200 g mandler
200 g melis
4 eggekviter
1 stor ts bakepulver
Rund form 26 cm
Steikes ca 1/2 t v/200 gr nederst i omnen.
Fromasj til toppen:
4 eggeplommer
1 heilt egg
5 ss sukker
Pisk egg og sukker til eggedosis.
Pisk en liten pk fløyte til krem
Bland eggedosis og krem, ha i ca 1/3 dl sterk kaffi og tilsett 4-5 pl gelatin som er oppløyst i kokande vatn. Rør godt når du Tilset gelatinen. Slå over kaka og sett den kaldt.
Pynt med mandelspon ved servering.
Tittis beste/ Kvæfjordkake
Lagast på ovnsbrett uten kant.
Oppskrifta er frå mi venninne Astri og fungerer kvar gong!!
Kakebotn:
3 eggeplommer
1,5 dl sukker
lag eggedosis
50 g margarin
0,5 dl melk
Smelt margarin og ha i melka, la dette være veldig varmt når du slår det i på slutten!
2,5 dl mjøl
1 ts vaniljesukker
2 ts bakepulver
Ha i ca halva av mjølet og rør godt. Ha så i den varme blandinga av margarin/melk, så resten av mølje, rør fort sammen og ha det i klattar ut over brettet som er kledd med bakepapir. Fordi røra er varm, er det lett å få det ut over plata, men jobb raskt!!
Marengstoppen:
Pisk 3 eggekviter litt først, ha så i 2 dl sukker litt etter litt, pisk til alt er stivt og bre ut over kakebotnen.
Steik midt i omnen v/200 gr slik:
- Ca 16 min først, då er marengsen blitt stiv, legg over bakepapir!
- Steik vidare 5 min og ta ut av omnen.
- Avkjøles, ikkje ta ut av brettet før den er kald! Då er den stiv og lett å jobbe med,
Fyll:
- Del kaka i to.
- Legg i vatn 4 pl gelatin.
- Pisk en liten pk fløyte til krem.
- Pisk 1/2 pk Freia kakefyll med vaniljesmak, bruk 2 dl melk.
Bland sammen alt og løys opp gelatin i litt kokande vatn og bland i kremen. Fyll ut over den eine kakebotnen og legg den andre oppå!
Smakar best om den får stå kjølig ett døgn!
lørdag 18. mai 2019
Islandskake,-glutenfri!
Denne kakeoppskrifta er henta frå sida Kakemonsen, og kan anbefalast! Ei sikker kake å lage når den er glutenfri, og den har mange gode smakar!!
| En saftig og god kake. (Denne oppskrifta inneholder svisker, men det kan godt kuttes ut eller erstattes med annen ingrediens.) Oppskrift (kopi frå Kakemonsen): | ||||
| ||||
| Slik gjør du | ||||
| Bunn: Eggehviter og sukker piskes stivt, bland så kokosmassen og den hakkede sjokoladen i massen. Stek ved 175*C i ca. 1 time Eggekrem: Eggeplommer, sukker og 1 dl fløte kokes opp, avkjøl litt. Rør smøret og vaniljesukkeret inn i eggekremen, avkjøl. Legg den avkjølte eggekremen oppå bunnen, deretter legges de kokte sviskene oppå. Fløten og sukkeret piskes til krem og has oppå sviskene. Pynt med knust daim eller daimkuler. | ||||
| Spesielle egenskaper | ||||
| Glutenfri, Uten hvetemel |
Abonner på:
Innlegg (Atom)





