NØTTEKAKE MED SJOKOLADEKREM
Rund form ca 24cm Springform ca 20 x 30 cm
3 egg 4 egg
300 g sukker 400 gr sukker
300 g malte nøtter / mandler 400 gr malte bøtter/mandlar
½ ts bakepulver 1 ts bakepulver
2 eggekviter 3 eggekviter
Visp egg og sukker til eggedosis.
Tilsett malte nøtter/mandlar med bakepulver.
Pisk eggekvitene stive og tilsett forsiktig.
Ha i smurt kakeform. Eg brukar å smørje bare botnen, ikkje sidene. Syns den ikkje har so lett for å synke i hop då.
Steik ved 160 gr i ca 50–55 min.
Krem:
150 g smør/margarin 225 gr smør/margarin
120 g melis 180 gr melis
2 eggeplommer 3 eggeplommer
½ dl smelta kokosfett ¾ dl smelta kokosfett
½ dl kaffi ¾ dl kaffi
1 pl mørk kokesjokolade 1 ½ pl kokesjokolade
Rør mjukt smør, melis og eggeplommer til lys og luftig krem. Løys opp sjokoladen i delfiafett og kaffi. Bland i smørkremen og rør gjerne litt med handmiksar so den blir lysare og fyldig.
Eg deler kaka i 2 lag og har eit tynt lag krem inni kaka og resten utanpå. Men kan og godt ha all kremen utanpå kaka. Botnen kan vere litt smulete og dele.
Lukke til.





